Helikopter måtte til for å redde ei kvige som hadde falle utfor ein høg hammar i særs ulendt terreng aust for Kirkeeidssetra i Stryn.
Endret: 25.08.2010 kl. 09:52
- Heilt utruleg at kviga overlevde fallet. Utan innsatsen til Fjord Helikopter AS hadde vi aldri fått henne heim til gards, seier bonde Anders Kleppe til Fjordingen.
- Kva var det som forårsaka den spesielle redningsaksjonen?
- Eg oppdaga åtte kviger som gjekk i det bratte og vanskelege terrenget 500-600 meter aust for Kirkeeidssetra (ca 500 m.o.h.). Måndag morgon gjekk Torhild (kona) og eg opp for å jage dei tilbake på setra. Torild fekk med seg fire kviger, medan eg kalla på dei fire andre som stod under ein hammar.
- Du kunne ikkje gå for nær?
- Nei, det var så bratt at eg var redd for å skremme dyra utfor stupet. Men etter litt godsnakk kom tre av kvigene imot meg. Den fjerde glei og fall utfor hammaren.
- Kor høgt var fallet til kviga?
- Mellom 10 og15 meter.
- Og det overlevde ho?
- Ja, utruleg nok. Eg rekna med å finne kviga død då eg gjekk tilbake etter å ha fått dei sju andre dyra på trygt beite. Til mi store overrasking stod ho på alle fire føtene. Ei rask undersøking tyda på at det ikkje var snakk om beinbrot eller andre alvorlege skader, fortel Anders Kleppe.
- Men derifrå til redning vart ei lang og strabasiøs affære?
- Eg klarte å roe ned kviga, men forstod at det ville vere uråd å få henne ut av den stupbratte steinura. Eg ringde Lars Kveen som sa seg villig til å organisere helikoptertransport. Dei kom først opp med nett og selar, og ville utføre redningsaksjonen etter å ha frakta spanske turistar. Eg innsåg at eg måtte ha meir hjelp, og nabo Ivar Kyrkjeeide kom opp. Etter mykje strev klarte vi å få festa selar og nett rundt dyret. På grunn av at der var så bratt, måtte vi binde kviga i eit tre. Då helikopteret kom i 20-tida og wieren var stram nok til at eg kunne kutte tauet, endereiste kviga før ho kom opp i lufta. Det viser kor bratt der var. Helikopterturen heim til gards gjekk utan problem.
- Og kviga er i fin form?
- Ja, ho reiste seg etter at Torhild fekk løyst selane. Deretter let kviga seg leie inn i fjøsen. No har eg gjeve henne kraftfôr og silo, og det ser ikkje ut til å vere innvendige skader. Så dette endå godt takka vere at vi har eit helikopterselskap i nærleiken. Dei gjorde ein kjempejobb. Takk også til min gode nabo Ivar Kyrkjeeide, sluttar Anders Kleppe.
