Endret: 26.08.2010 kl. 14:00
Vurderinga av driftsgrunnlaget vart det store temaet i ankesaka på Hotel Alexandra onsdag og torsdag. Utrekninga til jordskiftekandidat Arild Sunde i Areal og Eiendom AS konkluderte med at sauehald vil gje Roger Frøholm eit negativt årsresultat på 19.200 kroner. I dette reknestykket er ikkje teke med kostnaden ved å ruste opp våningshuset eller byggje nytt hus på Eide.
Landbruksdirektør Christian Rekkedal sine tal var meir positive. Hans reknestykke synte at det med 30 vinterfora sauer, opprusting av driftsbygningen og innkjøp av nødvendig reiskap kan påreknast 15.000 kroner i driftsoverskot per år.
- Eg står fast på at det ikkje var urimeleg av Stryn kommune å krevje buplikt på denne garden, sa Rekkedal.
Advokat Stig Rekdal representerte Olga J. Eikenæs Frøholm og Roger Frøholm i ankesaka. Han sette fram påstand om at fylkeslandbruksstyret sitt pålegg om sal av familiegarden på Eide i Olden vart fatta på feil grunnlag, og at dommen i tingretten dermed må opphevast.
Lagmannsretten med Arne Henriksen som leiar og lagdommarane Ellen Midtgård og Arne Vikse har fire vekers frist til å kunngjere dommen.
Meir om saka i papiravisa
