Alvorleg skadd av isblokk i Briksdalen

Ein tysk turist ligg på Haukeland sjukehus med alvorlege hovudskader etter å ha fått ei isblokk frå Briksdalsbreen over seg.
Hans Holmøyvik
Publisert: 27.08.2010 kl. 15:24
Endret: 27.08.2010 kl. 15:30

Det var torsdag like før middag politiet fekk melding om at tyskaren fekk isblokka over seg framfor Briksdalsbreen. Turisten hadde gått forbi sperringa. Lensmann Inger Lill Lanes ved Stryn og Hornindal lensmannskontor opplyser at mannen var saman med eit følgje frå eit cruiseskip i Geiranger.

Ingen såg hendinga. Mannen vart funnen av ein annan turist, som alarmerte AMK-sentralen, opplyser Lanes. Luftambulansen frakta vedkomande til sjukehus, og er no operert for skadar i hovud- og brystregionen på Haukeland sjukehus. Behandlande lege vurderer skaden som alvorleg.

Politiet har no sperra av staden framfor Briksdalsbreen med sperreband for å varsle andre turistar om at dei ikkje må gå inn til breen. Meir permanente tiltak vil bli vurderte på nytt etter det som har skjedd.