Skadeverk på bil

Natt til laurdag vart det gjort skadeverk på ein bil som stod parkert i Stryn sentrum.
Hans Holmøyvik
Publisert: 29.08.2010 kl. 09:13
Endret: 29.08.2010 kl. 09:13

Det var laurdag ettermiddag politiet fekk melding om bilen som var utsett for skadeverket i Stryn. Saka blir meld og vidare etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Heller ikkje på Nordfjordeid fekk alle bilane stå i fred. I løpet av natt til laurdag er eit kjennemerke fjerna frå ein bil. Det dreiar seg om kjennemerke som startar med bokstavane SU.