Framleis usemje om plassering av hall

Hornindal kommunestyre var delt i eit fleirtal på ti og eit mindretal på sju då reguleringsplanen som omfattar plassering av fleirbrukshall på tomta nord for idrettsparken, vart endeleg vedteken.
Hans Holmøyvik
Publisert: 29.08.2010 kl. 18:10
Endret: 29.08.2010 kl. 18:30

Kommunestyret måtte i vår utsetje det endelege vedtaket i påvente av rapporten frå dei arkeologiske registreringane i området. Det vart ikkje gjort funn som hindra godkjenning av reguleringsplanen, og dermed kunne saka takast opp til avgjerd i kommunestyret torsdag.

Trass i oppmodingar om å stå samla bak vedtaket, var det heller ikkje denne gongen muleg å oppnå semje om hallplasseringa. Hornindal kommunestyre var igjen delt nesten på midten.

Les meir i papirutgåva måndag