Rettssaka mot Johan Berge som er tiltalt for ulovleg skyting av jerv, vart avslutta fredag. Dom er venta denne veka.
Endret: 30.08.2010 kl. 09:42
Torsdag fekk tingretten sjølv sjå det bratte og ulendte terrenget inst i Skjeringsdalen der Johan Berge skaut ein jerv for to år sidan. Aktor meiner jerven var i ferd med å angripe sau då den kom ned fjellsida, men hevda likevel at Berge hadde andre alternativ enn å skyte det freda rovviltet. Difor la han ned påstand om bot på 12.000 kroner og 25.000 kroner i sakskostnader.
Forsvararen, advokatfullmektig Mari Kjellevold Brygfjeld, hevda Berge ikkje hadde andre alternativ enn å skyte, og kravde full frifinning.
Domen vert avsagt denne veka.
