Endret: 31.08.2010 kl. 11:37
Situasjonen er framleis alvorleg for den tyske turisten som vart utsett for ei ulukke inne ved Briksdalsbreen før helga. Som følgje av ulukka bad lensmann Inger Lill Lanes inn til synfaring måndag. Saman med Statens Naturoppsyn, skysslaget og representantar for Briksdalsbre Fjellstove ville ho vurdere eventuelle fleire tiltak utover skilting og kjetting som markerer kvar turistar bør stogge.
- Prinsippet om fri ferdsel og allemannsretten står sterkt i Norge. Vi kan ikkje gjerde inn alle farlege område. Men Briksdalen er ein turistmagnet av dimensjonar, breen er lett tilgjengeleg samtidig som den er farleg. Ut frå forholda ved breen i dag, meiner vi det er rett å sikre betre. Det ønskjer vi i form av eit 1,2 meter høgt nettinggjerde kombinert med fleire fareskilt, seier lensmann Inger Lill Lanes.
Søknad om gjerde vert no sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Les meir i papirutgåva.
