Skar opp dekk på parkerte bilar

Laurdag kveld og natt til søndag har vandalar skore opp dekka på tre parkerte bilar i Stryn sentrum.

Bengt Flaten
Publisert: 31.08.2010 kl. 10:59
Endret: 31.08.2010 kl. 10:59

Dette har skjedd i Perhusvegen og i området mellom Sundebygget og Isehaug. Dei eine forholdet vart oppdaga kl. 02.30 natt til søndag.

Politiet opplyser at det er nytta ein skarp gjenstand til å skjære på sida av dekka. Desse forholda er meldt inn i tillegg til episoden der nokon stal spegel og skilt frå ein bil ved Esso natt til laurdag. Politiet ønskjer tips som kan føre til oppklaring av sakene.