Dømd for ulovleg felling av jerv

Frå synfaringa i området der jerven vart skpten. Frå venstre: Aktor Knut Broberg, Johan Berge, dommar Ole Kristen Øvreberg.
Frå synfaringa i området der jerven vart skpten. Frå venstre: Aktor Knut Broberg, Johan Berge, dommar Ole Kristen Øvreberg.
Fjordane tingrett har funne Johan Berge skuldig i ulovleg felling av jerv og har dømd han til ei bot på 20.000 kroner samt 15.000 kroner i sakskostnader.
Bengt Flaten
Publisert: 31.08.2010 kl. 12:21
Endret: 31.08.2010 kl. 13:41

Dommar Ole Kristen Øverberg karakteriserer Johan Berge og Paul Egge sin postering ved Skjerdingsdalsvatna ei julinatt for to år sidan meir som posteringsjakt av jerv enn eit tilsyn av sauer. Dette ut frå måten dei hadde utrusta seg på og korleis dei opptrådte på. Også Egge sine forklaringar i retten om at dei ønskte livet av jerven vert vektlagt av dommaren.

Retten legg ikkje til grunn at tiltalte forstod at han ikkje var berettiga til å avlive jerven. Likevel konkluderer retten med at tiltalte handla grovt aktlaust då han ikkje vurderte eller forsøkte andre handlingsalternativ enn å skyte for å drepe jerven. "I dette ligger at han måtte forstå at felling av jerven på dette tidspunkt ikke var påkrevet, og at han kan bebreides sterkt for at han handlet som han gjorde", heiter det i domen.

Vidare heiter det i domen at "Selv om det legges til grunn at sauene var under direkte angrep i lovens forstand da tiltalte observerte jerven for annen gang, mener retten at avstanden fra jerven til sauene, og tiltaltes plassering i forhold til jerven og sauene, gjorde det høyst mulig for han å avverge angrepet på annen måte enn ved å skyte for å drepe jerven".

Av domen går det fram at utgangspunktet ved forsettleg ulovleg felling av eit totalfreda rovdyr er ubetinga fengselsstraff. Dommaren trekkjer fram fleire formildande omstende i denne saka, og meiner ubetinga bot med ein subsidiær fengselsstraff er passande straff.