Gode tal for Holentunnelen

Lågaste anbod på Holentunnelen og vel 1.000 meter ny veg Olden - Innvik, er på 36,3 millionar kroner. Det vart totalt levert tre anbod på arbeidet som startar i månadskiftet oktober/november.

Inge Fænn
Publisert: 31.08.2010 kl. 15:28
Endret: 31.08.2010 kl. 15:28

Det er Volda Maskin som har levert lågaste anbodet på 36,4 millionar kroner. Det er 1,4 millionar lågare enn Birkeland entreprenør i Sløvåg i Gulen. Flage Maskin, Voss sitt anbod var på 47 millionar.

- Dette var svært gode tal, seier anleggsleiar Geir Johan Aase som presiserar at det ikkje har vore kontrollrekning på anboda, og dermed heller ikkje avgjort kven som får anbodet. Han trur at med dei tala som er komne kan det opne for meir arbeid på strekninga.

Les meir i papirutgåva