Stryn med åtte ferjefrie alternativ

Åtte alternativ for ferjefri E39 frå Kjøs bru til Skei i Jølster.
Åtte alternativ for ferjefri E39 frå Kjøs bru til Skei i Jølster.
Stryn har med åtte ulike alternativ for ferjefri E39 gjennom Nordfjord til KVU- konferansen i Loen i dag. Tre av dei er fjordkryssingar. Dei fem andre krev tunnelløysingar.
Inge Fænn
Publisert: 01.09.2010 kl. 13:45
Endret: 01.09.2010 kl. 13:46

- Dette er ikkje noko form for prioritering av alternativ. Det er ein freistnad på å vise ulike alternativ for E39 Kjøs bru - Skei. Det byggjer delvis på innspel som vi har fått inn til kommunen. Det har vore eit stort engasjement, seier ordførar Nils P. Støyva.

- Det er vår plikt å kome med mange innspel. Det er det vi er bedne om. KVU-analysen kjem i samband med innspelet med bru over Nordfjord frå Lote til Anda. I det samband ynskjer vegvesenet å få alle mogelege alternativ på bordet, og så får vi sjå kva som vinn fram til slutt, seier ordføraren. Han gjekk gjennom dei ulike alternativa i går, saman med Per Kjøllesdal og rådmann Per Kristian Storevik. Dei understrekar at det er viktig å tenkje langsiktig, og at det kartet dei presenterer berre er ein illustrasjon på kva som er mogeleg.

Det er Nordfjordbrua Lote - Anda som er utgangspunktet for diskusjonen og den analysen som skal kome. Det er også det lengste brualternativet. Det skil nærare fire mil i høve til brualternativa på aksen «Den Trondhjemske postvei».

Les meir i papirutgåva