Endret: 01.09.2010 kl. 15:14
Dette er ei stadfesting av det vi har lagt opp til, nemleg å få fram mange ulike alternativ vi kjem med eit endeleg framlegg, seier prosjektleiar Kjell Kvåle. Brevet kom til opninga av samlinga i Loen i dag, der politikarar, næringsinteresser og andre møttest for å sjå nærare på dei ulike alternativa for fjordkryssingar og tunnelar som er komne, mellom anna i Nordfjord.
Samferdsledepartementet seier at det som no skal gjerast er eit fagleg dokument som bør omfatte alle aktuelle trasear. Eit framlegg som skal sendast til departementet i mars neste år.
Det er komne inn mange alternativ. Folk har vist stort engasjement, seier prosjektleiaren.
I dag og i morgon skal det gjennomførast gruppeabeid, og gruppene er samansette av deltakarar frå ulike kantar av det aktuelle området, både politikarar og næringslivsfolk
Det er ei målsetjing om å sjå den framtidige E39 på strekninga i ein større samanheng. Det vil mellom anna seie at politikarane må sjå ut om eigne interesser og setje dei ulike alternative inn i ein større samanheng.
