Endret: 02.09.2010 kl. 15:36
- Deltakarane blir delte i to grupper som vekslar mellom å få leksehjelp og fotballtrening, seier rådmann Frank Westad. I alt 30-40 elevar skal kunne vere med to timar kvar onsdag.
-Vi legg det opp etter same modell som Akerakademiet i Molde. Dette fungerer utruleg godt. Medan halve flokken er ute og spelar fotball, er dei andre inne og jobbar med lekser. Samstundes blir det ei ordning med frukt, sa Westad og poengterte at dette kan karakteriserast som eit folkehelseprosjekt. Han trudde ingen andre kommunar i fylket har ei slik fotballfritidsordning. Opplegget skal finansierast med deltakaravgift.
Både rektor Tor Arne Aasen og leiar i fotballgruppa i Hornindal IL, Wenche Elvegård Fannemel, er glade for samarbeidet som har kome i stand.
Les meir i papirutgåva
