Må betale tilbake

Stryn kommune må betale tilbake pengar i 12 saker der dei feilaktig har kravd oppgjer for sjukeheimsbebuarar på avlasting.
Harald Vartdal
Publisert: 07.09.2010 kl. 09:41
Endret: 07.09.2010 kl. 09:43

Summane varierer frå 3.500 til 1.000 kroner, opplyser helse- og sosialsjef Berit Wetlesen til Fjordingen.

Avvika i Stryn kommune vart oppdaga då fylkesmannen gjennomførte tilsyn med avlasting i sjukeheimane. Det synte seg at kommunen hadde kravd inn betaling for avlastingsplassar, noko som ifølgje lov om sosiale tenester skal vere gratis

Berit Wetlesen understrekar at det ikkje er snakk om å lure nokon til å betale for gratis tenester.

- Det heile dreiar seg om skjønnsmessige vurdering av kva som er avlastingsplass (gratis) og korttidsplass som det etter kommunehelselova vert kravd betaling for. I mange tilfelle kan det vere vanskeleg å seie kva som er avlastingsplass og kva som er kortidsplass med behov for helsehjelp. Det er her vi har bomma litt, fortel Wetlesen

Etter at kommunen har gått igjennom all sakene og gjeve ny vurdering, står dei igjen med 12 tilfelle der det er kravd pengar på feilaktig grunnlag. Summane som vert sende tilbake, varierer frå knapt tusen kroner til 3.500 kroner.

Vi har laga nye retningsliner for skjønnsmessige vurderingar. Dette skal sikre at tildelingsnemnda ikkje gjer liknande feil i framtida, opplyser helse- og sosialsjef Berit Wetlesen.

Fylkesmannen som er tilsynsorgan, seier seg nøgd med måten Stryn kommune har handtert avvika.

Les meir i papiravisa