Store artistnamn til Stryn

Lill Lindfors og Ketil Bjørnstad inntek Stryn kulturhus om halvanna veke. Foto: Foto: Carl Hjelte

Konsert med Lill Lindfors og Ketil Bjørnstad er først ut i ein lang og innhaldsrik kulturhaust i Stryn. 18. september står dei kjende artistane på scena i kulturhuset.

Publisert: 07.09.2010 kl. 14:44
Endret: 07.09.2010 kl. 14:44

Denne hausten har Lill Lindfors og Ketil Bjørnstad slått seg saman og er ute på turne i desse dagar.

Stryn kulturhus set stor pris på å vere eitt av konserthusa i landet som får besøk av to så store internasjonale kunstnarar. Lill Lindfors er ei stor stjerne både i heimlandet Sverige og elles i Norden og Europa. Ketil Bjørnstad er kjend for dei fleste her i landet, både som forfattar og musikar. Når dei to no legg ut på turne saman, er det med stor glede vi tek imot dei her i Stryn, fortel kulturleiar Myrtel Thomassen i omtalen.

Christine Koht er på turne med framsyninga «Koht på scenen», og 30. oktober står den energiske programleiaren på scena i kulturhussalen. 3. desember blir det julestemning i storstova når Rita Eriksen og bandet hennar held konsert. Det største arrangementet blir Kulturnatt 12. november, der lokale aktørar er sentrale i år. I tilegg til dette, blir det truleg fleire konsertar og framsyningar i kulturhuset før jul.

Les meir i papirutgåva