(Foto: Ove Sveen)

Foto: Ove Sveen

Såg bjørn på Tverrfjellet

Ekteparet Smolan er sikre i si sak. Ved 13-tida måndag såg dei ein oppreist bjørn like ved badedammen på Tverrfjellet i Stryn.

-Dette høyrest merkeleg ut, men vi har ikkje sett syner. Bjørnen stod to meter høg oppreist på bakbeina inn til ei bjørkestamme, seier Hanne Smolan og får eit samtykkande nikk frå ektemannen Vidar.

-Vi har tenkt og tenkt på dette i etterkant. Det kunne ikkje vore noko anna enn ein bjørn.

Ekteparet frå Verdal i Trøndelag er på besøk hos dottera og svigersonen som har fritidseigedom rett nedanfor Tonningsetra.

-Vi har vore her også tidlegare og synest dette er eit eldorado å gå tur i. I dag gjekk vi den flislagde stien frå Tonningsetra og forbi Røde Kors hytta på Spjelkebu. Der kom vi inn på grusvegen som går ned til Vinsrygg. Planen var å gå inn på den andre flisstien nedanfor badedammen som kjem ned att ved hyttefeltet Hydla. Så langt kom vi ikkje. Vi skulle til å gå ned bakken mot innkøyrsla til badedammen då vi såg bjørnen stå oppreist ved den spinkle bjørka tett inntil Vinsryggvegen, fortel Hanne. Det var ho som oppdaga bjørnen på berre 20 meters avstand og varsla stilt ektemannen. Saman var dei ikkje i tvil.

-Vi rygger stilt tilbake og går same vegen som vi kom, sa Vidar til Hanne, og slik vart det.

-Hanne er så flink til å sjå alt. Eg kunne like gjerne spasert forbi bjørnen, seier Vidar. Dei to vedgår at dei vart litt småredde i returen mot hytta og såg seg rundt til alle kantar.

På hytta fekk dei varsla snekkarar i nabohytta som igjen ringde opp rovviltkontakt Ingolf Folven som ville sjå nærare på forholda.

Ved 15-tida i går kom Folven til staden, men kunne ikkje finne spor i den mjuke lyngen.

Det er lett å dumme seg ut ved å varsle om dette, men det kunne ikkje vore noko anna enn bjørn. Ei stund tenkte vi på schefer-hund, men det er uttelukka. Nakken og hovudet var kraftig og mørkebrunt. Dyret fekk nok ikkje teften av oss, slår dei to fast. Dei angra på at dei ikkje straks etter heimkomsten tok bilen og køyrde rundt om Vinsrygg for å sjå etter dyret.

Rovviltkontakt Ingolf Folven studerte området rundt i ettermiddag utan å finne spor. Han ser ikkje vekk frå at dette kunne vere ein streifbjørn. Seinast for to år sidan vart det skote bjørn på 1200 meters høgde i Fjærland, men før det var siste bjørnefelling i fylket i 1956. For 14 dagar sidan vart det gjort bjørneobservasjon nær Brimi Fjellstue i grenseområda mellom Lom og Vågå. Sjølv om ein hannbjørn kan vere på "gjennomreise" anser Folven det som nesten utenkjeleg at andre i etterkant kan sjå dyret.

-Sjølv i dei mest utprega bjørnedistrikta i Sverige, er bjørnen vanskeleg å bli var. Folk har nok ikkje noko å frykte, seier Folven.

Meir å lese på Fjordingen:
(Foto: Ove Sveen)

Foto: Ove Sveen

(Foto: Ove Sveen)

Foto: Ove Sveen

(Foto: Ove Sveen)

Foto: Ove Sveen

Siste nyheter

VIDEO: Fv 722 Veslebygda–Flo

– Tunnelen vil gi slutt på engstelsen

Sambygdingane Brynjar Flo og Kolbein Fridtun har jobba for tunnel til Flo i eit tiår. Bli med dei på den skredutsette vegen som dei køyrer dagleg, heile året.

Ein femdel av NRK-lyttarane borte på eitt år

NRK har mista kvar femte daglege radiolyttar sidan FM-sløkkinga starta. Onsdag blir nettet stengt for godt for riksdekkjande kanalar.

Dagens leiarartikkel

Mørk hovudgate

Strynerådmannen kommenterer Hornindal kommune sine innspel

Rådmann Rune Hovde kommenterer i eit brev Hornindal kommune sine tilleggsopplysingar vedrørande grensejustering Kjøs krins.

VIDEO: Fv 722 Veslebygda–Flo

– Tunnelen vil gi slutt på engstelsen

Sambygdingane Brynjar Flo og Kolbein Fridtun har jobba for tunnel til Flo i eit tiår. Bli med dei på den skredutsette vegen som dei køyrer dagleg, heile året.

Fjordingen for 10 år sidan:

Sentrumsrevy for full sal

Ein femdel av NRK-lyttarane borte på eitt år

NRK har mista kvar femte daglege radiolyttar sidan FM-sløkkinga starta. Onsdag blir nettet stengt for godt for riksdekkjande kanalar.

Dagens leiarartikkel

Mørk hovudgate

Strynerådmannen kommenterer Hornindal kommune sine innspel

Rådmann Rune Hovde kommenterer i eit brev Hornindal kommune sine tilleggsopplysingar vedrørande grensejustering Kjøs krins.

Fjordingen for 10 år sidan:

«Såmannen» på plass

Vil busette 10 flyktningar i 2018

Rådmannen har tilrådd å busetje 10 flyktningar i Stryn kommune i 2018.