Briksdalsbreen vaks åtte meter

Professor Atle Nesje gjennomførte laurdag dei årlege målingane av Briksdalsbreen. - Brefronten har gått fram åtte meter, opplyser Nesje til Fjordingen.
(Foto: Bengt Flaten)

Foto: Bengt Flaten

- Årsaka til veksten er overskot av ismassar oppe på Jostedalsbreen som skriv seg frå 2007 og 2008. I sommar har det rasa ganske mykje i brefallet. Det er grunnen til at fronten no går åtte meter lenger fram enn på same tid i fjor, forklarar Atle Nesje.

- Synsinntrykket er at Briksdalsbreen har minka i år?

- Det skuldast at breen er veldig smal på det smalaste. Men lenger oppe er han ganske brei. Det som blir spennande å sjå, er om breen vil gå av på midten.

At Briksdalsbreen no viser framgang, gjev ifølge professor Nesje berre kortvarig glede.

- Vi snakkar om tidsforskyving på tre-fire år i forhold til det som skjer oppe på Jostedalsbreen. At vi har bak oss ein vinter med svært lite snø i fjellet og sommartemperaturar 2,5 til 3 grader over gjennomsnittet, skaper relativt dystre utsikter når vi ser fram mot 2013, slår han fast.

Frontmålingane i fjor synte at Briksdalsbreen aldri hadde vore mindre sidan registreringane starta i 1900. Sjølv om årets målingar viser auke på åtte meter, er det eit faktum at brefronten har trekt seg attende heile 863 meter frå førre århundreskifte. Berre sidan 1996 er det snakk om tilbakegang på 479 meter.