Endret: 31.08.2011 kl. 10:19
Fjerning av det ulovlege deponiet i Murimarka i Olden kom på 173.721 kroner. Rekninga blir sendt vidare til grunneigar Dagfinn Muri.
Stryn kommune engasjerte Tenden Container & Gjenvinning til å grave opp og levere ulovleg deponert avfall i Murimarka til anlegget i Stryn miljø- og næringspark. Rekninga viser at det vart køyrt vekk 2.240 kilo metall, 11 tonn kreosot/impregnerte materialar, 34 tonn blanda trevirke og restavfall og 80 kilo bilbatteri.
- Sjølve leveransen er fakturert med 118.996 kroner. I tillegg kjem 48.725 kroner i gravearbeid, transport og tømming, 5.937 kroner i containerleige og 62 kroner i gebyr. Alle summane er inkludert moms, opplyser seksjonsleiar Steinar Nesdal til Fjordingen.
- Kva skjer med saka vidare?
- Vedtaket om at kostnaden skal dekkast av grunneigaren, vert fylgt opp ved at faktura og dokumentasjon blir sendt til Dagfinn Muri, seier Nesdal.
Dagfinn Muri ønskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.
