Endret: 25.01.2012 kl. 15:38
Eit fleirtal på seks i fylkesutvalet tilrår bru Anda - Lote og E39 gjennom Kviven, medan mindretalet på 3 går inn for indre linje.
Fleirtalet er samansett av Sp, KrF,V og Noralv Distad som representerer eine fraksjonen i gruppa til Høgre. Arbeiderpartiet sine to representantar fekk støtte av Frp for indre linje, men med unntak av eit punkt om bompenger. Dette etter at berre Frp gjekk inn for fylkesrådmannen si tilråding.
Forslaga skil seg ikkje frå det som var fleirtal og mindretalsframlegg i samferdsleutvalet. Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka tysdag 31. januar. Då skal dei vedta fylkeskommunen si høyringsfråsegn til konsekvensutgreiinga frå Statens vegvesen. Det er Stortinget som avgjer kva som blir den framtidige traséen for E39.
Utfrå dei signal som er komne går det mot ei 19 - 20 avgjerd i fylkestinget, men det er uvisst kva for eit alternativ som får fleirtal.
