Fekk tilbake straumen etter 30 døgn

Anne Sølvi Hoem Sande og tvillingane Frida og Jonas kan gle seg over at kraftlinja til Lodalen no er reparert. Foto: Harald Vartdal
25. desember 2011 øydela orkanen Dagmar kraftforsyninga til Bødal. 24. januar 2012 kom straumen tilbake etter å ha vore vekke i 30 døgn.
Harald Vartdal
Publisert: 26.01.2012 kl. 11:13
Endret: 26.01.2012 kl. 11:13

- Det har vore ein stri tørn med å reparere kraftlinja i Lodalen. To gongar vart arbeidet stogga på grunn av snøskred, fortel energisjef Jan Træen.

Familiane i Bødal mista straumen 1. juledag klokka 18.15. Tysdag 24. januar 2012 klokka 17.12 kunne dei slå av aggregatet som har vore til uvurderleg nytte sidan 2. januar.

- Det er greitt å sleppe duringa frå aggregatet og arbeidet med å fylle på diesel, seier Anne Sølvi Sande Hoem til Fjordingen.

På forsiden nå

VM-draumen innfridd for Anders

Draumen om å kome til VM i skiflyging vart innfridd for Anders Fannemel (20) frå Hornindal. Måndag var han i mediafokus blant dei største på Gardermoen. Les mer

Rekordår for cruisetrafikken

Fleire skip, større skip og kraftig auke i talet på passasjerar er utgangspunktet for cruisetrafikken på Olden i sommar. Lista viser 82 skip. Det er 13 fleire enn i fjor. Les mer