Foreldre og tilsette i Utvik barnehage, Utvik Vel og Utviklingslag, Utvik Ungdomslag og Vikane Idrettslag ber Stryn kommune sørge for at borna slepp å bruke den sterkt trafikkerte fylkesvegen til og frå naturleikeplassen ved Urdabrunn.

- Det er ikkje kjekt å sende borna på den smale, svingete og uoversiktelege strekninga frå barnehagen og opp til Urdabrunn. Når store køyretøy møtest er det ikkje mykje plass igjen til dei små fotgjengarane. Med glatt vegbane og aukande trafikk etter at Kvivsvegen opna, blir risikoen endå større. Difor hastar det å få bygt gangveg, seier Eva C. Kårstad, foreldrerepresentant Utvik Barnehage.

Ønskjet om gangveg kjem fram i innspel til Stryn kommune sitt budsjett for 2013. Det blir synt til at Utvik barnehage med stor dugnadsinnsats har fått etablert naturleikeplass i området ovanfor ungdomshuset Urdabrunn. Der er sett opp lavvo, utedo og tilrettelagt for ei rekkje aktivitetar.

Fylkesveg 60 er i dag einaste alternativet for å kunne gå frå barnehagen til naturleikeplassen og idrettsplassen. Løysinga som mange stiller seg bak, går ut på at Stryn kommune byggjer gangveg med bru over elva .