Line Katrin Nesdal (39) frå Innvik har i haust dukka opp som "god hjelpar" på TV. Interiørkonsulenten designar kjøken i TV3-programmet  "Lines gode hjelpere".

- Utruleg gøy og lærerikt. Det er veldig mange timar bak dei 8-15 sekunda du er på TV, seier interiørkonsulenten frå Innvik.

I spissen for TV-konseptet står ei annan Line, skodespelar Line Verndal ("Himmelblå"). Saman med sitt team stiller ho opp og gjev hjelp til menneske som har vore gjennom ein tøff periode i livet.

Fleire har gjennom programmet fått hjelp til å pusse opp kjøkenet, og ansvaret for dette hadde Line frå Innvik.

Denne veka si utgåve av "Lines gode hjelpere" går i reprise på søndag, og siste programmet går torsdag i neste veke.