Ved Ekornes sine anlegg på Grodås, i Sykkylven og på Hareid har ordninga med julegåver frå verksemda til dei tilsette vorte avvikla. I staden vert midlane gjevne til gode føremål, utpeika av ein vald komité. Dei siste åra har gåvemidlane blitt gjevne til prosjekt i utlandet som har lokal forankring.

I år går gåvemidlane til lokale føremål, og Frivillegsentralen i dei tre bygdelaga er utpeika som mottakarar.

I går kunne tillitsvald ved anlegget i Hornindal og tilsettrepresentant i komitéen for gåve- midlane, Aud Ein Fjellkårstad, overrekkje ein gåvesjekk på 100.000 kroner til Hornindal Frivillegsentral frå dei tilsette ved Ekornes Grodås.

Gåvemidlane er øyremerka Prosjekt bil for rullestolbrukarar og rørslehemma.

- Vi meiner dette er eit veldig godt prosjekt som vil gagne ei brei brukagruppe, ei brukargruppe kven som helst av oss kan havne i. Dette er difor eit svært godt og viktig tiltak for bygda, og det er ei glede å kunne støtte dette arbeidet. Vi trur også det vil kunne monne med den summen vi gjev, seier Aud Elin Fjellkårstad.

- At vi skulle få eit så generøst beløp var utruleg overraskande og gledeleg, seier Lise Katrin Hetle, dagleg leiar for frivillegsentralen i Hornindal og støttespelar for arbeidsgruppa som samlar inn pengar til bil for rullestolbrukarar og funksjonshemma.

- Det flotte med gåva frå dei Ekornes-tilsette er at pengane kjem bygdefolket til gode. Det er utruleg fint.