Arbeidet med Agjeldstunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik går som planlagt. Måndag ettermiddag stod det berre att 185 meter med sprenging av den 930 meter lange tunnelen.

-Vi vil sjå lyset gjennom tunnelen siste veka i januar. Fjellet har vore bra å jobbe i. Det har vore lite vassig, og det blir spennande når vi kjem under Agjeldsfossen, seier anleggsleiar Ingvar Paulsen i NCC.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen opplyser at det vert anleggstogg og fri ferdsel i området frå fredag føremiddag og fram til ny oppstart den 3. januar. I januar kan det påreknast nye totimars-stengingar i ein periode på seks veker frå måndagar til torsdagar.

-Vi er redde for nedfall når det gjeld sprengingsarbeidet aust for Agjeldstunnelen. Sjølv om mykje sikringsarbeid allereie er gjort, er dette eit område som er verre enn føresett. Trafikken må også haldast vekk frå maskinane. Elles vert det oppretta SMS-varsling på strekninga, seier Huseklepp.