Utredningsprosjektet for Ferjefri E39 med Olav Ellevset som prosjektleiar har gitt ut ein statusrapport med utgangspunkt i vegvesenet si tilråding om framtidig E39 med brukryssing i Stryn. Bruprosjektet er i følgje rapporten del av ein langsiktige strategi med flytting av E39 austover, bru over Nordfjord ved Svarstad og vidare bru over Storfjorden eller Sulafjorden. Ferjesambanda Anda-Lote og Festøy-Solevåg vil då bli avløyste som delar av E39.

I følgje rapporten vil køyretida mellom Skei og Ålesund bli redusert frå dagens 202 minutt til 97 minutt med E39-prosjektet fullt utbygd. Innkortinga i køyretid er på 106 minutt, altså meir enn halvering.

Medan bruprosjekta er del av den langsiktige strategien, er løysingane på kort sikt betre ferjefrekvens, tunnel under Utvikfjellet og ny tunnel/bru i ytre Ørstafjord som løysingar på kort sikt.

Statusrapporten gjer greie for at det har vore delte meiningar i Sogn og Fjordane om kvar E39 skal gå mellom Skei og Volda.

«Høringsuttalelsene på fylkesnivået var delte ved at Møre og Romsdal gikk inn for anbefalingene i KVU, mens Sogn og Fjordane fylkesting gjorde et flertallsvedtak for bru Anda – Lote, der E39 går i dag. Ingen av løsningene videre nordover fikk flertall. Også fra kommunene var det sprikende anbefalinger i Sogn og Fjordane. Kommunene i Møre og Romsdal gikk i større grad inn for anbefalingene i KVU», heiter det i rapporten.

Som og poengterer at KS1-rapporten er klar men at regjeringa ikkje har fatta vedtak.

Arbeidet med ferjefri E39 starta i mars 2011, og endeleg rapport er venta i løpet av 2013.

Les heile statusrapporten her.