17 år gamle Tiril Sjåstad Christiansen, som sensasjonelt vann gullmedalje i X Games, er ein av dei unge profilane på Skogstad sitt Team BRE.

Sportskolleksjonen BRE er kle som skal kunne brukast ganske røft. Difor vert kleda designa og testa i nært samarbeid med unge ekstremsportutøvarar.

Ei av desse er Tiril Sjåstad Christiansen, som overraska alle med å ta gull i slopestyle under prestisjetunge X Games i Aspen.

- Når ein vel å satse på ein ukjend 17-åring som for fire månadar sidan hadde vunne kretsrenn og hatt nokre topp 10-plasseringar, så kjennes dette som å vinne jackpot i Lotto åleine, med lukketal og det heile, seier ein begeistra Knut Roger Nesdal, sals- og marknadssjef ved Skogstad.

Etter X Games-gullet har ungjenta fått enorm merksemd. I følgje nettstaden Friflyt.no kom det sensasjonelle gullet til 17-åringen frå Geilo som eit sjokk på miljøet.

- Tiril landa tidenes run med 92,33 poeng. At ho klarer å lande det her i X Games er heilt rått. Det er det største du kan gjøre som frikøyrar, sa landslagstrenar Christopher Frankum til nettstaden etter konkurransen.

Skogstad har satsa stort på Team BRE, og har i alt ni unge ekstremsportutøvarar på laget.

- Vi er svært godt nøgde med dette samarbeidet med unge utøvarar. Vi slepper dei til og høyrer på kva dei seier. Det er viktig, og det fungerer, seier Knut Roger Nesdal.

X Games-vinnar Tiril Sjåstad Christiansen har såleis fått teikna sin eigen kolleksjon.

- Tiril-kolleksjonen er ferdig no, og kjem i sal til neste sesong. Det kan ein vel kalle bra timing, seier Knut Roger Nesdal fornøgd.

Sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal ved Skogstad er nøgd og stolt etter Tiril Sjåstad Christiansen frå Team BRE sitt X Games-gull. (Foto: Ove Sveen)
Sistehoppet til Tiril Sjåstad Christiansen under slopestyle-konkurransen. (Foto: C. Frankum)