Moods of Norway offentleggjer no kvar kleda deira vert produserte.

- Alle våre samarbeidspartnarar og leverandørar må garantere at dei følgjer våre etiske retningslinjer før vi inngår kontrakter, seier administrerande direktør Nils Are Karstad Lysø.

Sist i januar lanserte organisasjonen Framtiden i våre hender underskriftskampanjen "Vreng kleskjedene innsiden ut" , ei kampanje med mål om å presse kleskjeder til å opne opp og gje informasjon om sine leverandørar. Dette for at uavhengige organisasjonar og media skulle kunne sjekke arbeidstilhøva ved fabrikkane.

- Det gjekk ikkje meir enn to dagar og omlag 2000 underskrifter før ei av kleskjedene let seg presse. Seint fredag ettermiddag sende Moods of Norway ut ei pressemelding. Det kjende norske klesmeret seier no at dei er villige til å gje ei komplett liste over alle leverandørar til alle som måtte ønskje det, skriv Framtiden i våre hender på si nettside.

Tilgjengeleg

- Moods of Norway jobbar systematisk for å sikre at våre kle vert produserte i tråd med våre verdiar. Ei komplett liste over alle leverandørar inngår i årets rapport til Initiativ for etisk handel, som vert ferdigstilt denne månaden, seier Nils Are Karstad Lysø, administrerende direktør i Moods of Norway, i pressemeldinga.

- Dersom nokon ønskjer å sjå oversikta allereie før ho vert tilgjengjeleg via IEH sine nettsider, kan dei gjerne kontakte oss no, seier Lysø.

Fabrikkbesøk

Moods of Norway samarbeider tett med mellom andre Initiativ for etisk handel (IEH) or å sikre at selskapet sine leverandørar driv si verksemd på en etisk forsvarleg måte

- Barnearbeid og utnytting av rettigheitslause arbeidarar i fatttige land vil vi ikkje ha noko av. Difor må alle våre samarbeidspartnarar og leverandørar garantere at dei følgjer våre etiske retningslinjer før vi inngår kontrakter. I fjor gjennomførte vi i tillegg over hundre fabrikkbesøk der vi kontrollerte at våre retningslinjer blir følgde. Sjølv bestemora til Simen kan vere stolt av oss, seier Nils Are Karstad Lysø i pressemeldinga.

Bekjempe piratkopiering

Han legg til at Moods of Norway har eit sterkt fokus på etikk og legg stor vekt på å følgje opp leverandørar for å sjå til at dei følgjer kontrakta når det gjeld arbeidsforhold for dei tilsette.

- Opne lister er ei løpande vurdering. Alt i fjor la vi ut namnet på dei største leverandørane våre. I år vil vi offentleggjere alle fabrikkane som ein del av vår årlege rapportering til IEH, sjølv om dette ikkje er uproblematisk i forhold til å bekjempe piratkopiering, seier Karstad Lysø.

Framtiden i våre hender er svært nøgde med at Moos of Norway no offentleggjer sine lister, men understrekar på si nettside at dei ønskjer at listene blir lagde ut på Moods of Norway sine eigne nettsider, slik at dei er lett tilgjengelege for alle som ønskjer å koble fabrikkar til merkenamn og undersøkje løns- og arbeidstilhøve.

Den komplette lista kan du sjå på E24.