Kvivsvegen vert skilta også frå Volda.Det er klart etter at samferdsleminister Marit Arnstad har bede Statensvegvesen sjå på saka på nytt.

- Statsråden har bedt Statens vegvesensjå på ei løysing for å skilte Kvivsvegen også frå Volda-sida. Det er viktig åvise dei vegfarande alternativa. Difor vert det stipla ramme rundt E39 fram tilrassikringa av Hjartåberget er ferdig til hausten. Då vert vegen permanentskilta som E39, seier Sigrid Brattabø Handegard (Sp), politisk rådgjevar isamferdsledepartementet.

Ho fortel at saka fekk si løysingetter at stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) tok den manglande skiltingaopp i Stortingets spørjetime og seinare i direkte dialog medsamferdsleministeren. Departementet har og merka seg det store engasjementetsom har vore rundt den manglande skiltinga.

- Skilt skal bidra tilå vise folk kva alternative køyreruter dei har. Samferdsleministeren har herlytta til lokalt engasjement og ser at det er gode argument for å skilte dennye vegen begge retningar. Samtidig har ho teke initiativ til at Statensvegvesen må få nye rutiner for å oppdatere kartdata når nye vegar vert opna. Påden måten kan nye vegruter kome raskare inn på bilistane sine GPS.

- Når kjem dei nye skilta opp i Volda?

- Vi håpar det skjer så raskt som mulig, seier BrattabøHandegard, som legg til at skilta vil bli sett opp ved ferjekaia, i sentrum ogved rundkøyringa ved sjukehuset.