Prinsesse Märtha Louise og kulturminister Hadia Tajik tok varmt imot Ivar Ulvedal og dei andre deltakarane frå Special Olympics i regjeringa sin representasjonsbustad bak Slottet sist veke.

Det var Kulturdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som inviterte til mottakinga for å markere den flotte norske innsatsen i Special Olympics Winter Games i Sør-Korea i vinter. Vertskap for mottakinga var kulturminister Hadia Tajik og statssekretær Ahmad Ghanizadeh frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Ekstra stor stas var det at prinsesse Märtha Louise deltok i mottakinga for Special Olympics-gjengen. Gjester var utøvarar og støtteapparat, representantar for Special Olympics Norge og representantar for norsk idrett, opplyser Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet..

Special Olympics er den største idrettsorganisasjon i verda for menneske med utviklingshemming. Sør-Korea var vertsnasjon for verdsleikane Special Olypics Winter GAmes i januar og februar, og heile 27 norske utøvarar deltok. Sluttresultatet vart 46 medaljer til Norge, derav 16 gull, 10 sølv og 20 bronse.

Ivar Ulvedal frå IL Veten på Fjelli gjorde det strålande under leikane, og kom heim med to gull- og ei bronsemedalje.

Kulturministeren nytta etter leikane høvet til å rose både utøvarane og den norske idrettsmodellen. Strålande innsats og ekte idrettsglede var ord ho brukte om utøvarane sine prestasjonar.