Firda Billag vert ny operatør for dei fylkeskommunale bussrutene iNordfjord frå juni neste år og minst åtte år framover. Dette er klart etteranbodsrunde, forhandlingar og reviderte tilbod frå tre tilbydarar.

Dermed misser Nettbuss Nordfjord-Ottadalen AS den desidert største delenav drifta i Nordfjord.

- Fram til no har vi køyrd fylkeskommunale bussruter etter å ha forhandlafram avtaler. Dette er første gong rutene i Nordfjord er ute på anbod, og deter sjølvsagt skuffande at vi ikkje nådde opp i priskonkurransen, seier AsgeirMyklebust, dagleg leiar i Nettbuss Nordfjord-Ottadalen AS til Fjordingen.

Han seier rutene som var ute på anbod er bærebjelken for selskapet somelles køyrer ekspressbussar og turkøyring.

Firda Billag får no kontrakt for å drifte bussrutene i Selje, Vågsøy,Eid, Hornindal og Stryn frå 23. juni 2014 til 19. juni 2022, med opsjon forforlenging av kontrakten med inntil to år.

Tilbodetfrå Firda Billag var på 53.249.700 kroner, medan Nettbuss Nordfjord-Ottadalenville drifte bussrutene for 53.775.120 kroner og Tide Buss for 53.882.855kroner.

- Egregistrerer at alle tre anboda var om lag like store, seier Myklebust.

Frå før harselskapet hans mista rutebusskøyringa i Ottadalen og Lillehammer med verknadfrå 1. januar 2014, etter at også desse vart lyste ut på anbod. Etter juni 2014sit Nettbuss Nordfjord-Ottadalen AS attberre med ekspressbussruter, helsebussar og turbilkøyring.

- Kva betyr dette for selskapet og deira tilsette?

- Det er for tidleg å seie mykje om det enno. Det eg kan seie er atarbeidsmiljølova har reglar for tilsette sine rettar ved virksomheitsoverdraging.Reglane tilseier at tilsette som er omfatta av anbodet får overførtarbeidsforholdet sitt til ny arbeidsgjevar. Det vil difor vere naturleg å gå idialog med Firda Billag i den tida vi har att før overdraging av ruteområdetskal skje, seier Myklebust.