Landsmøtevedtaket om styrt avvikling av pelsdyrnæringa var ikkje i tråd med leiaren i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, Nils P. Støyva sitt ynskje. Fleirtalet valde å vidareføre nedleggingsframlegg frå førre landsmøte.

- Eg argumenterte mot så godt eg kunne og prøvde fleire kompromiss, men det vann diverre ikkje fram, seier Støyva etter landsmøtet.

- Det er vanskeleg å argumentere mot fleirtalet i eige parti, men eg trur ikkje på nedlegging. Det skal gjennom regjeringa, og det må også ha fleirtal i Stortinget,  seier Støyva.

I ei omfattande fråsegn om å skape eit bærekraftig landbruk, ville Støyva ha stroke avsnittet der Arbeiderpartiet går for ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa samstundes som det blir stilt til rådvelde omstillingsmidlar for etablering av ny landbruksvirksomheit basert på ressursane på gardsbruket i avviklingsperioden.

Støyva bad om å få dette stroke saman med representantar frå Rogaland, Hedmark og Sør-Trøndelag.

- Eg er fullt klar over at det skaper uvisse. Det er trong for ei snarleg avklaring, seier Støyva og legg til at mykje av uvissa skuldast det negative bildet som er skapt av næringa gjennom media.

- Det er viktig for pelsdyrnæringa å få luka bort dei som driv dårleg, men det gjeld ikkje berre pelsdyrnæringa. Det gjeld alle næringar i landbruket, seier Støyva, og minner om at dei aller, aller fleste gjer ein god jobb. Det er beklageleg at dei skal bli straffa ved at det er nokre få som ikkje gjer det.

- Eg ser pelsdyr som ei viktig tillleggsnæring i mange distrikt, seier Støyva, som ottast nedleggingsdiskusjonen kring pelsdyr skal skape ringverknader til andre landbruksproduksjonar.

- Det er vanskeleg å argumentere mot fleirtalet i eige parti, men eg trur ikkje på nedlegging, seier Nils P. Støyva. (Arkivfoto)