Norges Kvinne- og Familieforbund gjennomfører ein landsomfattande kampanje for å gje norske elevar tilbod om skulelunsj. Ordførar Sven Flo signerte oppropet på vilkår av at staten tek rekninga.

- Alle veit at utan mat og drikke duger helten ikkje. Vår oppmoding er at regjeringa set i gang eit prøveprosjekt. Det fortener barn og unge, understrekar Inger Hoff, kontaktperson for lokallaget i Innvik.

- Eg søttar kravet om utgreiing og pilotprosjekt. Men det må vere ein absolutt føresetnad at staten står for all finansiering. Skulelunsj må ikkje kome som eit nytt pålegg til kommunane, jamfør tiltaket med frukt og grønt. Hovudansvaret for at borna får nok og skikkeleg mat må ligge til foreldra. For oss i Høgre er dyktige lærarar det viktigaste for å få ein god skule, understreka ordførar Sven Flo.