"Ja, det er vår når Kampegutta går...", syng Kampen Jantisjar i 17.-maitoget framfor slottet.

Men Kampen Jantisjar kjem også til å marsjere til hausten. Då under Oktoberfesten i Stryn.

- Det er så mange festivalar som har artistslepp i desse tider, så då tenkte vi at vi skulle ha det vi òg. Og vi gler oss over å kunne fortelje at Kampen Janitsjar kjem til årets Oktoberfest, seier Kåre Tonning, konsul i Stryn Ping Pong Club.

Den uhøgtidelege klubben står bak Oktoberfesten i Stryn, som har vakse seg til eit stort arrangement med paradar, teltfest, knebukser, bondepikedrakter og ompamusikk.

- Korleis kom dette i stand?

- Nils Are Karstad Lysø frå Stryn spelar i Kampen Janitsjar. Han tok med seg nokre av medlemmene hit i fjor, og dei vart overtydde om at dette var noko dei villle vere med på, seier Kåre Tonning.

Det velkjende og profilerte janitsjarorkesteret kjem til å setje sitt preg på gateparaden og med småkonsertar i sentrum, og på kveldstid vil dei bli delt inn i mindre ompaorkester, fortel Tonning. Nytt av året er det også at det blir to telt under festivalen, med rikeleg med ompamusikk til alle.