I konkurranse med dei beste orienteringsløparane i landet, sprang Isak Bergset frå NTNUI/ IL Veten inn til 27.plass i eliteklassen under "Løvspretten" ved Hamar. Løpet inngjekk som kvalifiseringsløp til både verdscup og VM seinare i sommar, og nærare 80 løparar stilte til start i eliteklassen. Bergset var berre litt over 7 minuttar bak vinnaren, Anders Nordberg, i den flate men o-teknisk krevjande løypa på 6,4 km. På langdistansen 16,6 km søndag, vart Bergset nummer 34.

Får springe "verdas største stafett"

Med dei gode løpa i helga klarte han målet han hadde sett seg før start, nemleg å kvalifisere seg til eit av NTNUI sine lag som skal delta i verdas største o-stafett, Jukola, ved Helsinki i Finland. Den finn stad i midten av juni, og meir enn 1.300 lag er venta å stille her.

Også pappa, Anders Bergset, held stadig vekk bra fart i skogen. Han oppnådde 19. og 21. plass i klassen H45-. Med det plasserte han seg midt på lista i sin klasse. Også fleire andre løparar frå IL Veten hadde teke turen til Hamar i pinsa. Men ingen av desse nådde heilt opp i sine klassar.