Norsk Folkehjelp og UDI sine planar om å etablere desentralisert asylmottak for ca 60 bebuarar på Loen Hotel, ca 75 på Langvin og 20 i Urdahuset i Innvik har skapt stort engasjement.

Tilbakemeldingane frå dei 150 som deltok på informasjonsmøtet i Innvik måndag kveld var eintydig: Så små lokalsamfunn maktar ikkje å ta imot så mange asylsøkjarar.

Representantane frå Loen opplyste at dei har samla inn 508 underskrifter frå folk som meiner det er svært uheldig å etablere asylmottak på Loen Hotel.

- Det er greit med asylmottak i Innvik, men det må vere maks 30 plassar, poengterte leiaren av Innvik Utviklingslag, Lars Åge Hilde.

Under møtet vart det sagt med reine ord at korkje bygdefolket eller Stryn kommune kan stoppe planane dersom anbodsrunden viser at dette er beste prosjektet når det gjeld økonomi og kvalitet.

- Det er enno ikkje avgjort om planane blir realiserte. Det får vi vite når anbodsrunden vert avslutta i slutten av denne månaden, opplyste Sissel Mehammer ved UDI sitt regionkontor for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Bendix Jørgensen i Norsk Folkehjelp forstod at folk stilte spørsmål ved å ta imot så mange asylsøkjarar, men meinte at det er liten grunn til å bekymre seg.

- Dette er heilt vanlege mennske som gjer lite av seg. God dialog med lokalmilljøet er sukessfaktor nummer ein, understreka han og hevda at det ikkje er meir kriminalitet mellom asylsøkjarar enn hos andre.

Grete Apalseth som leiar asylmottaket på Vassenden, gav uttrykk for det same.

- Vi har 96 bebuarar og det kjem ikkje ei einaste klage, opplyste ho.

Aslak Lefdal refererte frå ein fersk artikkel i VG der det gjekk fram at kriminelle brukar assylmottak som hotell.

- Slike opplysningar må takast på alvor, poengterte Lakken.

Asylmottak i Stryn kommune konkurrerer med etableringar i Årdal og Voss. Dersom anbodsrunden endar opp med at valet fell på Loen og Innvik, betyr det at busetjinga startar allereie 1. august.

- Eit mottak i Stryn vil få 6,5 årsverk med bemanning på dagtid. Det blir stilling som mottaksleiar, informasjonsansvarleg, barnefagleg ansvarleg, leiar for busetjingsarbeidet, aktivitetsleiar, økonomiansvarleg og vaktmester, fortalde Bendix Jørgensen.

Det skisserte mottaket i Stryn kommune, der det også ligg inne opsjon på ytterlegare 60 plassar, vil gje Stryn kommune ein årleg kompensasjon på 462.700 kroner. I tillegg kjem 4.955 kroner per mottaksplass. Det er også ønskje at kommunen gjev barnehageplass til 4-5 åringar. Her er tilskotet 10.425 kroner per barn per månad.

- Denne prosessen har gått altfor raskt. Som ordførar er eg ikkje tilfreds med at asylmottak kan bli oppretta allereie 1. august. Med så kort frist kan ikkje kommunen takle dei utfordringane som ei slik etablering medfører,  fastslo  Sven Flo.

- Vi tek med oss det som har blitt sagt på møtet, men det er eit faktum at vi gjennom anbodskonkurransen er pålagt å opprette asylmottak. I slutten av juni blir det avgjort om det skal skje i Stryn kommune, i Årdal eller Voss, avslutta Sissel Mehammer.