Norsk Folkehjelp ønskjer å imøtekome bygdefolket sitt krav om færre bebuarar på det statlege asylmottaket i Innvik.

- Vi leitar no med lys og lykte etter alternativ bygningsmasse på eller i nærleiken av aksen Innvik - Loen, seier Trygve Augestad til Fjordingen.

- Norsk Folkehjelp forstår reaksjonane på at så mange som 90 asylsøkjarar var tenkt busette i Innvik?

- Ja, det har vi full forståing for. Ikkje minst utifrå at bygdefolket meiner talet er altfor høgt dersom dei skal kunne gje asylsøkjarane eit godt tilbod. Dette vart også presisert på folkemøtet. Vi set stor pris på at folk i Innvik så klart seier frå at dei ønskjer å ta imot asylsøkjarane på ein god måte , men med eit lågare tal.

- Korleis vil de redusere talet?

- Det er ønskjeleg å bruke anlegget på Langvin med t.d. ca 60 plassar. Når det gjeld Urdahuset, jobbar vi med alternative plassar.

- Kva med busetjing av ca 60 asylsøkjarar i Loen?

- Vi har gode erfaringar med å drive asylmottak på turiststader.  Difor meiner vi at talet 60 på Hotel  Hotel ikkje er for høgt.

- Kva slags erfaringar kan du vise til?

- Norsk Folkehjelp har asylmottak på Hafjell. Der vart det plassert 108 bebuarar i botnen av alpinanlegget, i eit miljø med store hotell og mange arbeidsinnvandrarar. Dette har furngert veldig godt. Folk som i utgangspuntet var sterkt imot etablering av asylmottaket i Øyer kommune, er no positive.

- Korleis har Norsk Folkehjelp opplevd den massive motstanden mot etablering av desentralisert asylmottak i Stryn kommune?

- Reaksjonane har nok vore sterkare enn det vi er vant med frå andre stader. Men som sagt, vi har full forståing for at folk i Innvik meiner talet 90 er for høgt. Eg vil elles nytte sjansen til å gje Stryn kommune ros for måten dei gjennom mange år har busett flyktningar.

- Til slutt, Trygve Augestad, har Norsk Folkehjelp fått tilbod frå andre huseigarar i Stryn kommune som ønskjer å leige ut til asylmottak?

- Nei, men vi søkjer no etter eigna lokalitetar, slik at det blir ei spreiing av asylmottaket.