Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra har kjøpt Loen Hotel. Det opplyste hotelldirektør Richard Grov på kommunestyremøtet i Stryn.

Loen Hotel var aktuell stad for etablering av asylmottak for ca 60 bebuarar. Men det blir det ikkje noko av etter kjøpsavtalen som vart underskriven torsdag klokka 14.35.

- Vi har gjort ein rein handel utan bindingar. I staden for asylmottak vil Loen Hotel bli bygt om til leilegheiter for tilsette på Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra, opplyser Richard Grov til Fjordingen.