- Sjølv om det i fylkesrådmannen si tilråding til Regional transportplan ikkje finst pengar til å fullføre opprustinga av strekninga Olden-Innvik, vel eg å ha tru på politikarane som har gjeve så tydelege signal om at det må finnast ei løysing, seier Olav Rune Haugen, ein av dei som leia foreldreaksjonen for ein trygg skuleveg Olden-Innvik.

I fylkesrådmannen si tilråding til Regional transportplan 2014-23 finst det ikkje pengar til nye vegprosjekt. Det betyr i så fall full stopp for opprustinga av vegen Olden-Innvik Når arbeidet på Agjelds-anlegget er avslutta 2014, vil det i så fall bli å rigge ned og reise, og parselllen Ugla - Skarstein vil stå att som same flaskehalsen som tidlegare.

I samband med foreldreaksjon og folkemøte om den fårlege skulevegen Olden-Innvik i fjor haust vart det gjeve klare, politiske signal frå fleire hald om at det ville bli arbeidd for kontinuerleg drift til alt var ferdig.

- Kontinuerleg drift var det vi vart førespegla den gongen, ja, stadfestar Olav Rune Haugen.

- Kva tenkjer du no om det høyringsutkastet som ligg føre?

- Dette er fylkesrådmannen si innstilling til den regionale transportplanen, og det er basert på nokre forutsetningar på kva dei trur at Sogn og Fjordane får frå staten. Men det har også kome nokre signal som tyder på at ein kanskje får meir frå staten enn det som ligg i føringane frå fylkesrådmannen. Inntil vidare vel eg å tru på politikarane som var på folkemøtet, og som har uttala seg i høve Olden-Innvik siste halvåret og sagt klart frå om at dette må løysast. At det kome pengar til Olden-Iinnvik, seier Olav Rune Haugen.

Haugen seier det er fleire grunnar til at han trur på dette.

- Eg trur dette må kome på plass no, både fordi det er ein fårleg veg og fordi Kvivsvegen opnar for fullt til sommaren/ hausten etter at rassikringa i Hjartåberget er ferdig. Då vil E39 bli skilta via Kviven, og det vil bli eit betydeleg større press på Olden-Innvik enn det er i dag, seier Olav Rune Haugen.

Ved Skarsteinskaia. Her kan det framleis bli flaskehals i lang tid framover dersom det ikkje blir løyvt nye midlar til fullføringa av strekninga Olden-Innvik. (Foto: Gunnhild Sindre)