Ein kraftig bjelke vart tredd gjennom frontruta mellom dei to forsetene då ein personbil køyrde av vegen og inn i eit naust på fv 60 i Hornindal onsdag ettermiddag. Sjåføren, ein 64 år gammal mann, vart sendt til Førde sentralsjukehus med ambulansehelikopter. Onsdag kveld opplyser AMK til Fjordingen at mannen er lettare skadd. Han ligg til observasjon på intensoven.

Ulukka skjedde på fv 60 i Svorastranda ved 17.35-tida. Bilen som køyrde retning Grodås skar over i motsett køyrebane og ut i grøfta, før bilen traff eit naust som står rett ved fylkesvegen.

- Det er ingen vitne til ulukka, men spor på staden syner at bilen kom over i venstre grøftekant om lag 15 meter før han traff naustet. Sjåføren, ein mann i 60-åra, var åleine i bilen saman med fire hundar som låg i bur i bagasjerommet. Mannen kom seg ut av bilen ved eigen hjelp. Når ein ser den kraftige bjelken som er tredd langt inn i bilen, mellom dei to forsetene, er det ingen tvil om at dette kunne gått frykteleg gale. Mannen har vore utruleg heldig, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Det var ingen vitne til ulukka, men ein bilist kom til i det sjåføren kom ut av vraket på høgre side. Kort tid etter var ambulanse, brannvesenet og politi på staden.

Sjåføren vart frakta frå ulukkesstaden i ambulanse før han vart henta av ambulansehelikopter som flaug han til Førde sentralsjukehus.

Arne Svor som eig naustet fortel at dette er andre gong på to år at ein bil kolliderer med naustet. Bygget vart reparert etter omfattande skader sist. Den gong køyrde ein bil inn i naustet frå motsett side.

Bjelken vart tredd gjennom frontruta og mellom forsetene i bilen. (Foto: Bengt Flaten)
Bilen skar over i venstre grøftekant før den kolliderte med eit naust. (Foto: Bengt Flaten)