Loen Aktiv har endeleg sett i gong arbeidet med den 100 meter lange hengebrua som skal  gå over juvet ved Via Ferrata i Loen.

Onsdag vart utstyr og mannskap frakta til fjells. Hengebrua skal bli det nye høgdepunktet på Via ferrata-ruta.

Tunge helikopterløft

Brua er laga av eit austerriksk firma, det same som laga Via Ferrataen. Firmaet har sendt opp fire mann som over dei neste to vekene skal montere brua.

Onsdag vart seks tonn materiale frakta opp med helikopter, og det vart ved hjelp av helikopter spent opp ei arbeidsline over juvet der brua skal gå, kan Erik Brendefur i Loen Aktiv fortelje.

Arbeidet med brua har kome i gong litt seinare enn planlagt, men no trur eg vi er i rute og at brua vil stå ferdig om to veker, seier Brendefur. Fjordingen har tidlegare skrive at brua skal vere ferdig til 10. august.

Allereie stor interesse

Hotellsjef på Alexandra, Richard Grov var til stades då alt utstyret skulle løftast til fjells på onsdag.

- Dette er ein stor happening og eit veldig spennande prosjekt, seier han til Fjordingen.

Hotellsjefen trur brua vil få stor merksemd frå hotellgjestene.

-Brua vil bli veldig synleg frå hotellet, og interessa for Via Ferrata er allereie stor. Eg merkar at vi trekk til oss ein anna type gjester enn tidlegare. No kjem det fleire som vil ha ein aktiv ferie nærare naturen, seier Grov