I kveld var fleire hundre samla på Alexandra i Loen til "kick off" dagen før dagen i motbakkeløpet Skåla Opp. Og mellom desse kunne vi også finne fleire av førehandsfavorittane.

På fremste rekke sat mellom andre fjorårsvinnar og løyperekordhaldar Ahmet Arslan frå Tyrkia, Orlando Edwards, britisk meister i fjelløp og Jonathan Wyatt, New Zealand, tidlegare verdsmeister.

"Kick off" er vorte eit fast innslag fredagen, der sentrale løparar og personar deler historier, synspunkt og tips - både i høve Skåla Opp og motbakkeløp generelt. Mellom anna kunne Jonathan Wyatt fortelje at Skåla Opp er eit namn som stadig dukkar opp ute i verda, når han er på liknande løp. Kristen Skjeldal kom også med tips både til kosthold og motbakketeknikk.

Løyperekorden lyder på 1.07.06. I morgon  kl 11.07 veit vi om denne står seg eit år til, eller om Arslan sjølv, eller nokon andre, kan krympe den endå eit hakk ned mot berre timen. Let the game begin...

Kristen Skjeldal demonstrerer motbakketeknikk. (Foto: Roy Aron Myklebust).