Redningsmannskapet lukkast ved 22.40-tida laurdag kveld å hente den 12 år gamle nederlandske guten opp av elva Videdøla, ein snau kilometer ovanfor Videseter Hotel. Guten har ligge i vatnet sidan han ramla ut i elva torsdag ettermiddag.

Oppdemming av elva ved to vatn oppe på fjellet tidleg på kvelden vart avgjerande for at elveredningsgruppa frå Sjoa og Sunnmøre alpine redningsgruppe klarte jobben. Entreprenørar frå Kveen stod for oppdemminga.

Tidlegare på dagen vart det jobba intenst med å søkje på botnen i kulpen der ein var temmeleg sikre på at guten låg. Med fire meters djupne i kulpen og enorme krefter i vassmassene var det umogleg å løyse oppgåva utan å få redusert vassføringa.

- Oppdemminga gjorde at redningsmannskapet til slutt kunne stå i kulpen. Guten låg vanskeleg til, men om lag to timar etter at guten vart lokalisert lukkast redningsmannskapet å hente han opp av elva, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt Einar Vereide til Fjordingen.

Han gir stor ros til heile redningsmannskapet som har vore i aksjon, og særleg til elveredningsgruppa og fjellsikringsgruppa.

- Utan dei hadde vi ikkje klart jobben. Dei har gjort ein fantastisk innsats, men eg vil og berømme alle andre som har delteke. Alle har gjort ein viktig og god jobb. Siste del av aksjonen var nærare 100 personar i aksjon, seier Vereide.

Dei pårørande har følgt redningsaksjonen frå nært hald og fekk vite om at guten var lokalisert i elva. Dei vert no tekne hand om av hjelpemannskapet på staden.

- Samspelet har vore godt i denne aksjonen. Det er avgjerande for å lukkast, seier Jan Gunnar Hole t.v. i Sunnmøre alpine redningsgruppe og innsatsleiar Geir Olsen. I bakgrunnen stryket der 12-åringen sklei ut i elva. (Foto: Bengt Flaten)
Sunnmøre alpine redningsgruppe brukte undervasskamera for å kartleggje botnen og forsøke å finne den sakna 12-åringen. (Foto: Bengt Flaten)
Innsatsleiar Geir Olsen gav instruksar før siste del av redningsaksjonen laurdag ettermiddag og kveld. (Foto: Bengt Flaten)