Linda Gytri sine trekkspeltonar får stadig nye tilhelgjarar. I oktober set oldedølen kursen for India, etter å ha blitt invitert av Rikskonsertene og Jodhpur International FolkMusic Festival til å spele på sistnemnde festival.

Med seg på til India får ho Kristoffer Kleiveland, toradar (frå Osterøy, nybakt norgesmeister av året og medrøter i Markane) og Vidar Berge, gitar/mandolin.

Saman utgjer dei gruppa Apal. I bortimot ei veke skal dei vere i India for å spele saman medindiske musikarar og halde konsertar.

Generalprøvekonserten blir i Grendahuset i Oldedalen i september.

- Det som funkar i Oldedalen,funkar vel i India, seier Linda Gytri, som sjølv har komponert ein stor del av stoffet som utgjer konsertrepertoaret.

Jodphur Inetrnational Folk Music Festival er å finne på lista over dei 25beste Verdensmusikkfestivalane i verda, og har sjølvaste Mick Jagger (Rolling Stones) som sin "høge beskyttar".