Måndags morgonen var det sett eit dyri Svarstadsvingane som neppe kan vere noko anna enn ulv. Det var to personarheilt uavhengig av kvarandre som såg dyret. Den første litt over klokka åtte,og den andre litt seinare.

I det første tilfellet kryssa dyretriksveg 15 i den slake venstrekurva etter Vegtun og før ein køyrer inn iskjæringa mot Langesethøga. I det andre tilfellet kom dyret andre vegen, littlenger nede.

- Dyret var gråbrunt, ragget og størreenn ein schæfer. Rompa hang rett ned, fortel Ove Andre Aarskog som såg dyret først. Når han ser bilete av ulv, vertAarskog endå sikrare i si sak. - Ingen tvil om at det var ulv eg såg, seierhan.

Også mannen som såg dyret litt seinarepå morgonen, er heilt sikker på at det var ulv.

- Det er ikkje urimeleg at det kanstreife ein ulv gjennom Stryn. Det er ikkje lenge sidan det vart observert ulvpå Billingen i Skjåk. Dei streifar vidt, og det kan vere same dyret som no er iStryn, seier Ingolf Folven som er rovdyrkontakt i kommunen. Det er nestenumogeleg å finne spor, og eventuelt sjå skilnad på ulv og hundespor, men hanoppmodar folk om å fylgje med og gje melding dersom dei ser noko.

Dei som såg dyret er ikkje i tvil om at det var ulv deisåg. Begge hadde god tid til å sjå dyret før det vart borte i skogen.