- I teorien var det ca 2.600 innanfor området i går, når ein reknar med alle selde helgepass, fredagsbillettar og artistar og andre med fribillettar. Men eg trur nok der var nokre som ikkje møtte, så ein stad mellom 2.300 og 2.400 er kanskje eit reelt tal, seier oktoberfestgeneral Torstein Breivik. Noko som er ca 1.000 fleire enn kva det var fredagen i fjor.

No klokka ti legg arrangøren ut 600 billettar til festen i kveld. Dei vil ta ei ny vurdering kl 22.00 om ytterlegare billettar kan selgast.

Laurdagen ser ut til å starte litt våt og sur, så får ein sjå om det legg noko demper på stemninga når paraden og den offisielle opninga dreg i gong dag nummer to om eit par timar.