- Ein tilsett på eit cruiseskip stal ein gutesykkel medan skipet låg til kai i Olden for nokre dagar sidan. Det fortel lensmann Inger Lill Lanes.

Familien til guten hadde mistanke om tidspunkt sykkelen var stolen frå ein privat bustad i sentrum og mistanken retta seg mot mannskap på cruiseskipet som låg til kai.

- Ein av politibetjentane våre tok fatt i saka og fekk kontakt med reiarlag og etter kvart kapteinen på det aktuelle skipet. Alle la stor innsats i å finne ut av saka og samarbeidde godt. Då kapteinen fekk meldig om mogleg tjuveri, gjekk han sjølv på leit. Etter kort tid kunne han melde tilbake at sykkelen var funnen om bord i skipet, fortel lensmann Lanes.

Skipet var då på veg til England og skulle ikkje tilbake til Olden denne sesongen.

- Men kapteinen ville sende sykkelen tilbake til Olden ved hjelp av Posten. Samtidig fekk vi beskjed om at den tilsette på cruiseskipet var sett på land, seier Lanes.