Fjordingen.no sitt oppslag om at UP skreiv ut fem forenkla førelegg i fartskontroll i 60-sone i Innvik og høgste fart vart målt til  65 km/t, har ført til debatt og til dels sterke reaksjonar på Facebook. Debattantane har undra seg på kva UP driv med når dei hankar inn bilar som så vidt passerer fartsgrensa.

Vi har sjekka saka med politiet. Det viser seg at politiloggen, der fjordingen.no henta opplysningane sine, opererte med feil fartsgrense. Det var i 50-sone i Innvik førelegga vart utskrivne og høgste fart var 65 km/t.