Norsk folkehjelp har lagt inn bod på konkursråka Stryn Vandreheim. Dei har på nytt vendt seg mot Stryn med tanke på etablering av desentralisert asylmottak i kommunen.

- Eg meiner dei må vere opne om kvar dei forhandlar om mottak, seier stryneordførar Sven Flo, som sjølv fann ut om interessa for vandreheimen i Kreklingen i Stryn.

Norsk Folkehjelp prøvde seinast i sommar å få til ei løysing med desentralisert asylmottak i Stryn kommune. Forsøket på etablering skapte då store reaksjonar. Sven Flo er tvilande til at det vert gjort eit nytt forsøk så kort tid etter.

- Eg og formannsskapet er i utgangspunktet skeptiske, seier ordføraren, som understrekar at det er prosessen og ikkje sjølve etableringa dei er nagative til.