Grodås Mønsterteknologi AS i Hornindal har lagt all møbelproduksjon bak seg og satsar no 100 prosent på produksjon av geværskjefte. Bedrifta er allereie representert med sal til de fleste verdsdelar og vil auke omsetjinga si på skjefte med over 60 prosent frå 2012 til 2013.

Men dagleg leiar Oscar Haugen og dei 12 kollegaene har ikkje tenkt å stogge der.

- Vi har lagt offensive strategiplanar og har fått Innovasjon Norge og Skattefunn med oss på ei satsing der vi totalt investerer 21 millionar kroner i nye produkt og marked dei neste tre åra. Av denne summen vonar vi å få inntil 7,5 millionar kroner i statleg støtte, fortel Haugen.

- Med klarsignalet frå Innovasjon Norge og Skattefunn er vi klare til å dryle på, som vi seier her på ytre Haugen. Om tre år skal vi ha utvikla ei bedrift som har dobbelt så mange tilsette som i dag og tre dobbelt så stor omsetjing, seier Haugen.

Om få veker reiser han til USA med mål å få avtale om sal av GRS geværskjefte til verdas største kjede innan jakt og friluftsliv, Cabela's. Ei slik avtale vil vere ein god start mot det offensive målet.