- Eg las i Fjordabladet i førre veke at Nordfjordeid hadde suverent største omlandet, ut frå ei reisetidskart-undersøking gjort for Måløy, Nordfjordeid og Stryn. Då tenkte eg at vi har eit stort omland vi også med dei nye vegane, og det kunne vere interessant å sjå tala når utgangspunktet var Grodås, seier ordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård.

Skal synleggjere bu- og arbeidsområde

Reisetidskarta er utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Med utgangspunkt i tettstadane Måløy, Nordfjordeid og Stryn er det ved hjelp av kart synleggjort kor langt ut frå sentrum ein kjem med reisetider på 30, 45, 60 og 75 minutt, og kor mange innbyggjarar dei ulike reisetidene dekker. Karta vil mellom anna få fram kva område ein kan rekne som eit felles bu- og arbeidsmarknadsområde.

Den enkle kartlegginga, før Grodås var teke med, synte at Eid kom best ut med tanke på tal innbyggjarar på samtlege fire reisetider. Ved 45 minutt hadde Måløy 9.338 innbyggjarar innan rekkjevidde, Stryn hadde 12.560 og Eid hadde 17.184. Ved 75 minutt var tala 21.168 for Måløy, 39.565 for Stryn og 52.286 for Nordfjordeid.

Grodås med størst omland

No kan derimot honndalsordføraren slå i bordet med at hennar kommunesenter kjem best ut av alle  både når køyreturen er 45 og 75 minutt frå utgangspunktet Grodås. Ved 45 minutt reisetid er omlandet 28.931 innbyggjarar og ved 75 minutt er det 56.168.

- Kartet viser tydeleg kor sentrale vi faktisk er. Vi ligg gunstig til med tanke på jobbmulegheiter innan akseptable pendlaravstandar. Dette underbygger vårt arbeid med å skape ein god bukommune i Hornindal, seier Øen Nygård.

- Vi har forresten aldri hatt så stor byggeaktivitet i kommunen som no. Vi har til dømes 16 leiligheter under oppføring i sentrum, og 14 av desse er allereie selde, seier ho.